Favoritt isen min har alltid vore vaniljeis med sjokoladebitar frå Sørlandsis! Den typen er tydlegvis ikkje til salgs lenger og kva kan vel då vere betre enn å lage sin eigen iskrem ?

Eg måtte sjølvsagt finne ut om det smakte like godt med heimelaga is som med kjøpe-is, og om det var så mykje arbeid som ein trur det er. Bileta over viser kor overraskande enkelt det var å røre saman ei skål med iskrem.
Oppskrift:
- 2 stk egg
- 1 pk kremfløte
- 3 ss sukker
- 1 ts vaniljesukker
- Finraspa sjokolade (70 - 100 gr.)
- Jordbærsylte
- eller ein annan smak du måtte ynskje
Visp fløta til krem
Visp egg og sukker til eggedosis
Bland krem, vaniljesukker og eggedosis forsiktig saman
Tilsett ønska smakstilsetning.
Set iskremen i frysaren. Første 30 - 45 min må du røre jevnleg i iskremen.
Røringa er for å unngå at den krystalliserar seg og lengda på røretida henger saman med mengde iskrem. Meir is = meir røring.
1 time seinare er den klar for servering ;)
Eg var svært spent på den heimelaga iskremen vår og om den i det heile tatt kan måle seg med is du får kjøpt på butikken.Konklusjon:
Iskremen var ABSOLUTT på nivå med kjøpe-is. Den smakte faktisk SørlandsIs :)
3 kommentarer:
Ej he sett Sørlandsis med sjokoladebiter for ikkje so lenge sia...Tru kanskje d va på Ica, men d va en-litersbokser i stan for to-liters. D e nemleg min favoritt mæ, å då den forsvann frå markedet ei stund va d nesten litt stusslig! Men som sagt so kom den att i en-liters boks, men mulig den he forsvunne igjen no da...
åh! ditta såg godt ut! :D ditta vil ej me prøve! ;)
Mmmmm.. Ditta såg godt ut ja... Ej laga is til jul, men ej trur ej blanda litt kaffi ilag med sjokoladebitane.. :)
Marion
Legg inn en kommentar