torsdag, juni 18, 2009

Heimelaga iskrem

Når sola endeleg kjem fram mellom skyene smakar det ekstra godt med ein is eller to.
Favoritt isen min har alltid vore vaniljeis med sjokoladebitar frå Sørlandsis! Den typen er tydlegvis ikkje til salgs lenger og kva kan vel då vere betre enn å lage sin eigen iskrem ?

Eg måtte sjølvsagt finne ut om det smakte like godt med heimelaga is som med kjøpe-is, og om det var så mykje arbeid som ein trur det er. Bileta over viser kor overraskande enkelt det var å røre saman ei skål med iskrem.

Oppskrift:
  • 2 stk egg
  • 1 pk kremfløte
  • 3 ss sukker
  • 1 ts vaniljesukker
Som smakstilsetning kan du feks:
  • Finraspa sjokolade (70 - 100 gr.)
  • Jordbærsylte
  • eller ein annan smak du måtte ynskje
Tilberedning:
Visp fløta til krem
Visp egg og sukker til eggedosis
Bland krem, vaniljesukker og eggedosis forsiktig saman
Tilsett ønska smakstilsetning.
Set iskremen i frysaren. Første 30 - 45 min må du røre jevnleg i iskremen.

Røringa er for å unngå at den krystalliserar seg og lengda på røretida henger saman med mengde iskrem. Meir is = meir røring.
1 time seinare er den klar for servering ;)
Eg var svært spent på den heimelaga iskremen vår og om den i det heile tatt kan måle seg med is du får kjøpt på butikken.
Konklusjon:
Iskremen var ABSOLUTT på nivå med kjøpe-is. Den smakte faktisk SørlandsIs :)

3 kommentarer:

Nina sa...

Ej he sett Sørlandsis med sjokoladebiter for ikkje so lenge sia...Tru kanskje d va på Ica, men d va en-litersbokser i stan for to-liters. D e nemleg min favoritt mæ, å då den forsvann frå markedet ei stund va d nesten litt stusslig! Men som sagt so kom den att i en-liters boks, men mulig den he forsvunne igjen no da...

Sybell Agathe sa...

åh! ditta såg godt ut! :D ditta vil ej me prøve! ;)

Anonym sa...

Mmmmm.. Ditta såg godt ut ja... Ej laga is til jul, men ej trur ej blanda litt kaffi ilag med sjokoladebitane.. :)

Marion