Lørdagsadressa kom i dag med ei nokså fristande muffinoppskrift, og sidan vi aldri har hatt noko særlig suksess med muffin tidligare måtte denne prøvast. For å sleppe å ete turre harde muffins i fleire dagar, halverte vi mengda og enda opp med 3 stk i amerikansk storleik.

1. Bland smør, sukker, honning og vatn i ein kasserolle, kok opp under omrøring til alt er oppløyst.
Dei var nokså god, slik bakverk ofte er rett frå ovnen, men kanskje litt tam til tross for store mengder sjokolade. I morga vert det spanande om dei held seg både i smak og konsistens, om det er nokon att å teste.
Oppskrifta går slik:
120 g smør
120 g sukker
1 ss honning
2 dl vatn
225 g mel
3 ss mjølk
1 ts natron
3 ss kakao
3 ss kakao
1 egg
Hakka mørk og kvit sjokolade
1. Bland smør, sukker, honning og vatn i ein kasserolle, kok opp under omrøring til alt er oppløyst.
2.Ha blandinga i hurtigmiksaren og sikt på kakao og mjøl.
3. Bland mjølk og natron og ha i røra.
4. Ha i egget.
5. Fordel i muffinsformer(12 små står det du skal få) og ha i rause menger sjokolade.
6. Steik på 180º i ca 20 min.
I det eg skreiv dette slo det meg at egget aldri kom med...vurderte for lenge på korleis eg skulle få til eit halvt egg, før eg bestemte meg at det sikkert gjekk bra med eit heilt. Tilslutt vart både heile og halve egg gløymd.
Då vert det eit nytt forsøk:)
PS:
Pass deg så du ikkje endar opp som muffincat:


1 kommentar:
I wanna be like the muffinscat!!
Legg inn en kommentar