mandag, juni 22, 2009

Sommerfest med avdelinga på Siemens

Laurdag 20. juni var det duka for sommerfest hjå avdelingssjefen vår i Siemens. Til middag fekk vi grillmat, og jordbær med is eller fløte og fransk eplepai til dessert. Det var utrulig godt :)


Etter maten var det klart for å lokke fram litt konkurranseinnstinkt. Espen hadde tatt med seg Wii, og dette resulterte i golfing og bowling til longt på natt. Til høgre i collagen er det bilete av fire av oss i aksjon.
"OMT kjernen"
Vi avslutta kvelden med Playstation Eye, noko eg aldri hadde haurt om før. På filmen er det kanskje litt vanskeleg å sjå, men kameraet "Eye" registrerer bevegelsane som blir gjort, og på den måten skal Espen bruke kroppen til å flytte på dyra i spelet for å få dei i mål. Utrulig artig, og ikkje minst engasjerande!


Takk for ein hyggeleg kveld kara, det blir trist å forlate dykk!

1 kommentar:

Vlad sa...

Bare bra!