tirsdag, juni 30, 2009

Ferieweekend på Sunnmøre

Eg og Christopher kjørte frå Trondheim på torsdagskvelden for å få ei ekstra lang helg heime.
Fredagen blei først brukt til litt praktiske ting som måtte ordnast i Ålesund, blant anna å lagre vekk møbla og ting som vi hadde tatt med frå leiligheita i Trondheim. Dermed blir det mindre å flytte på når vi skal flytte ut om ein månad.

Vi fekk også tid til eit koseleg besøk hos mormor til Christopher på Sjøholt saman med Therese, som også var heime på helgetur.

Fredagskvelden var det duka for jonsokfest på Framtun med bål, skodespel framført av barnegruppa, rømmegraut og tombola.


Laurdag tilbrakte eg saman med familien min på øyane medan Christopher reiste tilbake til Skodje. Vêret var fantastisk og det blei ein super dag med sveler, bading i både basseng og på stranda, leikar og ikkje minst grilling :)


Per Olav har også nyleg kjøpt seg hest, så den måtte eg sjølvsagt prøve. Det er sikkert 10 år sidan sist eg har vore på ein hesterygg så det var både spennande og skummelt.
Prøvde meg på ein liten galopp også, men merka at eg var rusten i faget så roa ned til gangfart igjen ganske fort ;)


Søndag hadde vi familiefrukost i Hansgarden og denne blei avslutta med ein real vatnkrig. Det starta sjølvsagt uskuldig blant ungane, men etterkvart var nok alle snutar i huset våte.


Så var helga over for dinne gong også. Takk for ei meget triveleg helg heime, og om ein månad er eg tilbake igjen og klar for bryllaup :)

2 kommentarer:

Sony P sa...

Høyres ut som om du verkla he kosa dej :D synd at ej ikkje fekk sett dej då..men mej talast neste mnd!! Kos å klem

Nina sa...

Wow! Dei flotte bilda da! Såg ut som ei skikkelig kjekk helg på øya. Oss va oppe å såg på hesten en dag oss mæ. Kjempefin!:)