fredag, juli 03, 2009

Ikkje svelg tyggegummien din!

Klare du å svelge tyggegummien din uten å tenkje på om den blir liggjande i magen?
Eller tar du ein stor dose med C-vitaminar med ein gong det kriblar litt i halsen eller nasen?
Boka "Don't swallow your gum" tek for seg alle disse mytene og sett dei på sin rette plass.
Kva enn du gjer eller lurar på er det som regel nokon som har eit godt råd å komme med. Det meste blir vi opplært til å tru på som barn, som for eksempel at ein blir forkjøla av å vere ute med for lite klede. Ofte tek ein slike råd for god fisk og håpar på det beste. Eg er absolutt ein person som trur på slike myter og helsetriks, men synest det er spennande når nokon kan komme med motargument for kvifor det ikkje kan stemme.
Som det står nevnt i artikkelen så hører ofte vi kvinner at når vi barberer oss for får vi svarte og tjukke hår. Forfattarane av boka svarar med: "Om denne myten var sann hadde vi hatt en måte å forhindre skallethet blant menn." Kvifor har eg ikkje tenkt på det før? Det er jo heilt openlyst at denne myta ikkje kan stemme!
Dinne boka står iallefall oppført på lista mi over bøker eg skal lese :)

2 kommentarer:

Sony P sa...

Ej he ingen problem me å svelje tyggisn, førr d e akkurat d boka førtell; tyggisn blikje liggande, den bli førdøgd :D:D

Jill Alice sa...

Ja den havna nok ikkje i blindtarmen samman med eplesteinane slik at det etterkvart veks eit epletre i magen din.