mandag, juli 27, 2009

Mamma og pappa på besøk

Heile helga hadde eg mamma og pappa på besøk her i Trondheim. Det var veldig kjekt å få besøk og for mine dei blei det litt nye opplevingar.
Dei kom på torsdagskvelden og då serverte vi kylling i sursøt saus. Sidan eg skulle på jobb fredag blei det ikkje så mykje aktivitetar denne dagen, men for helga blei det fullt opplegg ;)
Fredag tok vi dei med på Kyoto for å smake sushi. Dei var begge svært skeptiske og spente på å smake rå fisk, men då den første fileten var smakt var dei frelst. Dei elska maten!
Laurdag var det tid for dress prøving for pappa med ein kritisk jury på slep. Vi tok dei også med ein tur på IKEA, sidan dei ikkje hadde vore der før, og så ein liten lunsj oppe i Tyholttårnet før det blei meir dressprøving!
Til middag blei på den fantastiske Graffi Grill & Bar, før vi tok oss ei runde på Trondheim kino. Såg Istid i 3D og Hangover :)
Fant så ut at mamma og pappa kun hadde prøvd bowling 1 gong før og det var for omkring 10 år sidan, så derfor avslutta vi kvelden med eit slag bowling :)
Ei aktiv og kjekk helg blei det, og det var bra sidan det var siste helga vår i Trondheim.

Ingen kommentarer: