fredag, juli 31, 2009

Siste dag på jobb

I dag hadde eg min siste dag på Siemens. Det var litt rart å skulle kome på kontoret for siste gong. På slutten av dagen diska dei opp med to deilige kaker. Det blei då ei hyggeleg stund på møterommet saman med gjengen før eg tulsa ut døra og leverte nøkkelen min til Espen.
Eg og Asbjørn, også kalt OMT-kjerna, tok oss ei lita knipseronde for å forevige den kjekke arbeidsstaden.
Når eg no tenkjer på det trur eg at det ikkje har gått heilt opp for meg at eg har slutta. Sjølvsagt er det litt trist, men det er også veldig deilig å endeleg kunne ta ferie!

Om 18 dagar reisar vi til USA, klare for ein ny studentkvardag, men først blir det to kvalitetsveker heime på Sunnmøre atmed familie og venar :)
Posted by Picasa

2 kommentarer:

Nina sa...

Litt trist å forlate en kjekk arbeidsplass da. Men d e no te nåkke anna so sikkert bli veldig kjekt! :D
Lykke te i USA!

Jill Alice sa...

Takk :) Skal bli spanande det ja!