fredag, juli 31, 2009

Siste dag på jobb

I dag hadde eg min siste dag på Siemens. Det var litt rart å skulle kome på kontoret for siste gong. På slutten av dagen diska dei opp med to deilige kaker. Det blei då ei hyggeleg stund på møterommet saman med gjengen før eg tulsa ut døra og leverte nøkkelen min til Espen.
Eg og Asbjørn, også kalt OMT-kjerna, tok oss ei lita knipseronde for å forevige den kjekke arbeidsstaden.
Når eg no tenkjer på det trur eg at det ikkje har gått heilt opp for meg at eg har slutta. Sjølvsagt er det litt trist, men det er også veldig deilig å endeleg kunne ta ferie!

Om 18 dagar reisar vi til USA, klare for ein ny studentkvardag, men først blir det to kvalitetsveker heime på Sunnmøre atmed familie og venar :)
Posted by Picasa

onsdag, juli 29, 2009

Madonna på Valle Hovin

Tirsadag 28.juli sendte vi Karin på utdrikningslag i Oslo. Lite viste ho om kva som skulle hende då eg møtte ho på Gardermoen kl 0930 med drink og vimpelhatt!


Det blei ein kjempekjekk dag med massaje for Karin, litt shopping, mat, leikar og god drikke.
Ikkje før på ettermiddagen fekk ho ein Madonnabillett i handa! Aldri har eg sett ei så glad og overraska Karin :)


Det blei ei kjempeavslutning på ein flott dag! Stooorkosa meg på konserten som var smekka med lysshow, god musikk, fantastisk sceneshow og ikkje minst mykje flott koreografi!! :D
Fornøgde søstrene-sisters!

mandag, juli 27, 2009

Mamma og pappa på besøk

Heile helga hadde eg mamma og pappa på besøk her i Trondheim. Det var veldig kjekt å få besøk og for mine dei blei det litt nye opplevingar.
Dei kom på torsdagskvelden og då serverte vi kylling i sursøt saus. Sidan eg skulle på jobb fredag blei det ikkje så mykje aktivitetar denne dagen, men for helga blei det fullt opplegg ;)
Fredag tok vi dei med på Kyoto for å smake sushi. Dei var begge svært skeptiske og spente på å smake rå fisk, men då den første fileten var smakt var dei frelst. Dei elska maten!
Laurdag var det tid for dress prøving for pappa med ein kritisk jury på slep. Vi tok dei også med ein tur på IKEA, sidan dei ikkje hadde vore der før, og så ein liten lunsj oppe i Tyholttårnet før det blei meir dressprøving!
Til middag blei på den fantastiske Graffi Grill & Bar, før vi tok oss ei runde på Trondheim kino. Såg Istid i 3D og Hangover :)
Fant så ut at mamma og pappa kun hadde prøvd bowling 1 gong før og det var for omkring 10 år sidan, så derfor avslutta vi kvelden med eit slag bowling :)
Ei aktiv og kjekk helg blei det, og det var bra sidan det var siste helga vår i Trondheim.

onsdag, juli 22, 2009

tirsdag, juli 21, 2009

USA-førebuingar

Då var søknad om turistvisum i USA sendt inn.
Vi søkte gjennom noko som heiter Visa Waver Program og ESTA over Internettet. I tillegg har eg sendt inn lista over fag eg ynskjer å ta til hausten. Det blei tilslutt, etter mykje lesing i fagforklaringar, ei blanding mellom engelsk, økonomi, data og psykologi. Christopher på si side skal ta for det meste datafag sidan han må ha godkjenning av faga han eigentleg skulle ha tatt på NTNU. Det siste som står att no er å få passet i retur med studentvisum så er vi klare for å reise til USA.
Om ikkje vi, så er iallefall er dokumenta klare :)

mandag, juli 20, 2009

Langweekend og «Tunge - Dagens wiki leksjon»

Denne helga har vi tatt halve Norge rundt, frå Trondheim til Oslo torsdagkveld, fredag var det visum-intervju over høytaler i åpent lokale foran dei 20 andre som venta på tur.
Ambassadeturen gjorde oss sugen på meir viten om statsapparatet, så vi vart med på ein guida omvisning på Stortinget.
Vi avslutta dagen med rød meny på Alex Sushi. Nydelig sashimi, sushien var god, makien var grei. Litt i tvil om Alex er verdt den ekstra prisen, men utvalget er upåklagelig. Rød meny har både kongekrabbe, kval-sushi, okse carpaccio, eit stort utvalg kjent og ukjent fisk, og ein råsterk wasabi.
Laurdag morgon kjørte vi til Skodje for å rekke eit bursdagselskap søndag. Vi starta 07.15 og kom fram i tide til å ta ein båttur med tube på slep. Jill Alice satt seg noko motvillig i ringen, men måtte innrømme at det var litt moro.

Dessverre ville ikkje digitalteknikken vere på lag med oss, slik at alle bileta frå torsdag, fredag og laurdag har kome bort.

På bilturen fra Sunnmøre til Trondheim i går kveld fekk vi tid til å nyte litt av laurdagsgodteriet som var til overs. Ein porsjon potetgull er som kjent 25gram i følge produsentane, ein normalpakke på rundt 200gram held difor 4 laurdagar for 2 personar. Denne grensa er absolutt for oss, men sidan vi var på tur vart det ein porsjon både på laurdag og sundag.
Vi undra oss litt på kvifor Kims Naturchips smakar så godt som den gjer, og lurte på om barnelærdomen frå o-fags timen om smakstunga er sann. Her er eit kort sammendrag frå wiki:

Tungen er en stor samling av muskler og sitter nederst i munnhulen.
Den er en av våre smaksorganer, og store deler av overflaten til tungen er dekket av smaksløker.
Smaksløker er kjemiske mottakere som primært er plassert langs sidene og bakerst på den øvre delen av tungen. Menneskets tunge har omtrent 9000 smaksløker som gir informasjon om smaken på maten.

En populær påstand er at tungen er delt inn i fire soner for ulike smaker: salt, surt, bittert og søtt. Dette er imidlertid ikke tilfelle.

----
Nok ein løgn innprenta av enhetsskolen. I tillegg må den nevnast at vi har i dag har bevist 5 smakar: Salt, surt, bittert, søtt og umami.

fredag, juli 17, 2009

Visum!

I går kveld(Torsdag) kjørte vi til Oslo og i dag kl 9 har vi avtalt time på den amerikanse ambassaden i Oslo. Det blir spanande å sjå korleis det føregjeng. Eg må innrømme at eg er veldig spent og gruar meg eindel, men det er vel berre å kaste seg i det. Kjem nok større utfordringar igjennom det komande året i USA kan eg tenkje meg.
Vi har eindel spørsmål angåande innreise, sidan vi for eit par dagar sidan fant ut at ein ikkje kan reise inn meir enn 30 dagar før skulen startar er vi ekstra spent på kva løsning vi skal ta.
Vi har nemlig flybillett den 18. men har tydlegvis ikkje adgang før den 21. eller 22. august på student visum.
Moglege løysingar:
- Flytte flybillettane (1800,-).
- Få turistvisum/VWP og endre status til student når studentvisumet blir gyldig (1800,-).
- Få turistvisum/VWP, kjøre ut av landet og forhåpentlegvis få entre på nytt med studentvisum. (1000++ kr i leigebil + en tur til Mexico ;))
Vi håpar absolutt at dei skal seie at det siste alternativet er god nok løysing på problemet, men eg har mine små tvil.

onsdag, juli 15, 2009

MacBook Pro

I går kom endelig min bestillte 13,3'' MacBook Pro på døra! Den var fint innepakka i gavepapir, sidan vi var nysgjerrige på kva "ferdig innepakka som gave" innebar når vi bestillte.
Den blei fort pakka opp og kvelden gjekk stort sett med til installering og utforsking :) Eg er godt fornøgd med å ha min egen laptop igjen, og den skal forhåpentlegvis bli ein trufast ven gjennom det komande året som student i USA!

lørdag, juli 11, 2009

William, 7 år!

I dag fyller nevøen min William heile 7 år! Han er ein glad-gut som veit kva han vil, og som forskar på det meste. Er det noko som ikkje fungerer må han skru opp for å sjå kva som er galt. Kanskje ein liten ingeniør på gong? Du er ein kjekk liten luring og eg gledar meg til å kome heim og spele fotball på Knutgarden igjen. De har blitt så flinke!
Håper du får ein kjekk dag William, med pakkar, kaker og vener! Ikkje minst får du storkose deg med familien når dåkke reiser på ferie om ei lita veke. Det blir kjekt :)

Klem frå tante Jill Alice
Posted by Picasa

fredag, juli 10, 2009

Transformers!

I går kveld tok eg og Christopher turen på kino for å sjå Transformers: Revenge of the Fallen.
Eg likte den første Transformers-filmen utruleg godt, og hadde gleda meg til oppfølgjaren. Heldigvis blei eg ikkje skuffa. Filmen hadde masse action, flotte effektar, spenning og ikkje minst humor. Favoritten blei roboten Wheelie som gav meg eit nokre gode latterutbrudd. For dei som likte forgjengaren vil eg absolutt anbefale å ta dykk ein tur på kino.
Skulle eg klage på noko så måtte det vere noko so merkeleg at det faktisk var litt for mykje deltaljar på robotane, slik at det var vanskeleg å følgje med i dei raske actionscenene. Kven som var kven for eksempel. Sjølv om den ikkje har fått god karakter på imdb, så er eg fornøgd! God underhaldning på ein Torsdagskveld :)
Link til filmtrailar i overskrifta! Check it out!

onsdag, juli 08, 2009

Gratulerer med dagen Anne og Aslak!


Nevøen min Aslak fyller i dag heile 6 år og har no blitt ein stor skulegut. Aslak er eit fyrverkeri av ein gut som alltid møter deg med eit smil! Gledar meg til å kome på besøk igjen og då skal du sjølvsagt får ei bursdagsgåve med super tantå di ;)
Håper du får ein flott dag med mykje pakkar, godteri og vener på besøk!

Her er Aslak i aksjon då han syng bursdagssong til meg! Er han ikkje flink vel? :)


I tillegg har mi gode venninde Anne Katrine bursdag I dag! Ho fyller 23 år i dag og eg håpar du òg får ei flott feiring. Anne er ei strålande taus som alltid ser det gode i ting og sprer glede berre ved å smile. Eg har alltid vore svak for latteren hennar, som vi i ”gamledager” kalte ”Hekselatteren”. Er ikkje mogleg å ikkje drage på smilebanda då. Gledar meg til å treffe deg igjen Anne! Du er ei god venninde som alltid lyttar og hjelper til!
Glad i dykk begge to!
Bursdagsklem frå Jill Alice :)

tirsdag, juli 07, 2009

Blodsugarar

No på sumaren vert dei fleste av oss godt kjend med knotten. Like overraskande kvart år kjem den nyklekt og svolten på blod. Tilbake for å øydelegge dei lange sumarkveldande vi har lengta etter heilt sidan julekakene tok slutt. Men kva er eigentlig ein knott?

Først og fremst er det ein Diptera som høyrer heime i undergruppa mygg, altså ikkje fluge. Desse kan vi skilje med å telje vingane og ledd i antennene, matematisk:

2 vengjer ∧ ledd i antenna > 4 ⇔ mygg

2 vengjer ∧ ledd i antenna ≤ 4 ⇔ fluge

(Mulig det er 3 ledd, står litt forskjellig, den interesserte leser kan gjerne telje og kome med tilbakemelding).

Videre står det på wiki:

Mygg er mellom fire og cirka 50 millimeter lange. Det er 29 familiegrupper i Norge, med over 2 000 arter. Det er beskrevet over 33 000 nålevende arter i verden. I tillegg er det beskrevet svært mange utdødde grupper og arter ut fra funn i rav eller som fossiler.
Det er bare noen få arter som stikker eller biter. De fleste arter er harmløse. I dagligtale er «mygg» det samme som stikkemygg, men denne gruppen utgjør bare en liten del av alle mygg.

Allereie her skjønar vi at dette er eit stort slektstre, og kan verte nokså komplekst for dei som knapt kjenner samanhengen mellom tremenning og oldeforeldre (jada, de har minst ein felles oldeforelder..). Vi bit det i oss og hoppar for vidare:

Knott (Simuliidae) er en familie av kraftig bygde mygg med larver som utvikler seg i rennende vann. Omtrent 50 arter knott er kjent fra Norge. Merk at på Vestlandet brukes betegnelsen oftest om den mindre sviknotten, som ikke er innenfor familien Simuliidae.
Aha, det er på Vestlandet eg har verst erfaring med desse små luringane, vi går derfor til Ceratopogonidae-familien og finn sviknotten:

Det er særlig slekten Culicoides man legger merke til, da flere av disse artene biter mennesker og kan være meget plagsomme.
Sviknottene er veldig små til små mygg, mellom 1 og 5 mm lange. De ligner fjærmygg, men er vanligvis mer tettvokste og kan skilles fra fjærmyggene på detaljer i vingeårenettet.

De blodsugende artene finner trolig offeret sitt ved å gå etter karbondioksid i utåndingsluften. Som hos alle mygg er det bare hunnene som stikker. De trenger proteinene fra blod for å utvikle eggene.


Hunnene ja, alltid er det noko styr med denne eggproduksjonen. Dersom ein pustar lite eller ingenting er det faktisk mulig å lure seg unna knotten.

Tilslutt må ein innsjå, sjølv om ein kanskje kan finne nokre småting å utsetje på kvinnene, så er vår eiga utgave av hokjønnet ganske fredfull:

(..)denne gruppen[Culicoides] er det vanlig at hunnen spiser hannen under paringen.


Harmlaus dør-knott

søndag, juli 05, 2009

Nygift!

I går, den 04.juli, ga Odd Einar Molnes og Britt Tove Vedeld kvarandre sitt ja og er no endeleg eit lykkeleg gift ektepar! Skulle gjerne ha vore tilstades i kyrkja og sett den flotte hendinga. Eg haure frå ho mor at Britt Tove såg aldeles nydeleg ut då ho reiste frå salongen til Linda på veg til kyrkja :)
Her er eit bilete av dei nygifte! ♥
Gratulerer så mykje begge to og lykke til gjennom gode og onde dagar!

fredag, juli 03, 2009

Ikkje svelg tyggegummien din!

Klare du å svelge tyggegummien din uten å tenkje på om den blir liggjande i magen?
Eller tar du ein stor dose med C-vitaminar med ein gong det kriblar litt i halsen eller nasen?
Boka "Don't swallow your gum" tek for seg alle disse mytene og sett dei på sin rette plass.
Kva enn du gjer eller lurar på er det som regel nokon som har eit godt råd å komme med. Det meste blir vi opplært til å tru på som barn, som for eksempel at ein blir forkjøla av å vere ute med for lite klede. Ofte tek ein slike råd for god fisk og håpar på det beste. Eg er absolutt ein person som trur på slike myter og helsetriks, men synest det er spennande når nokon kan komme med motargument for kvifor det ikkje kan stemme.
Som det står nevnt i artikkelen så hører ofte vi kvinner at når vi barberer oss for får vi svarte og tjukke hår. Forfattarane av boka svarar med: "Om denne myten var sann hadde vi hatt en måte å forhindre skallethet blant menn." Kvifor har eg ikkje tenkt på det før? Det er jo heilt openlyst at denne myta ikkje kan stemme!
Dinne boka står iallefall oppført på lista mi over bøker eg skal lese :)