Eg og Christopher kjørte frå Trondheim på torsdagskvelden for å få ei ekstra lang helg heime.
Fredagen blei først brukt til litt praktiske ting som måtte ordnast i Ålesund, blant anna å lagre vekk møbla og ting som vi hadde tatt med frå leiligheita i Trondheim. Dermed blir det mindre å flytte på når vi skal flytte ut om ein månad.
Vi fekk også tid til eit koseleg besøk hos mormor til Christopher på Sjøholt saman med Therese, som også var heime på helgetur.
Fredagskvelden var det duka for jonsokfest på Framtun med bål, skodespel framført av barnegruppa, rømmegraut og tombola.Fredagen blei først brukt til litt praktiske ting som måtte ordnast i Ålesund, blant anna å lagre vekk møbla og ting som vi hadde tatt med frå leiligheita i Trondheim. Dermed blir det mindre å flytte på når vi skal flytte ut om ein månad.
Vi fekk også tid til eit koseleg besøk hos mormor til Christopher på Sjøholt saman med Therese, som også var heime på helgetur.

Per Olav har også nyleg kjøpt seg hest, så den måtte eg sjølvsagt prøve. Det er sikkert 10 år sidan sist eg har vore på ein hesterygg så det var både spennande og skummelt.
Prøvde meg på ein liten galopp også, men merka at eg var rusten i faget så roa ned til gangfart igjen ganske fort ;)
Søndag hadde vi familiefrukost i Hansgarden og denne blei avslutta med ein real vatnkrig. Det starta sjølvsagt uskuldig blant ungane, men etterkvart var nok alle snutar i huset våte.

















