I dag hadde mej raspeball til middag, sjølv om ej må innrømme det va ganske tilfeldig at det va torsdag. Ej he lært at ball er ein litt oppskrytt middag når det gjeld arbeidsmengde. Ej he alltid levd i den trua at kun dei gode gamle husmødrene kunne laga god gammaldags ball, men no he ej og Christopher motbevist det.Eit par gonga he vi laga ball til middag no på den tida vi he budd i lag og ballen he vore like vellykka og enkel kvar gong. So for dei som e veldig glad i ball, men tru dåkke må heim til ho mor eller bestemor for å få smake det, prøv i vei.
Oppskrift på Raspeball:(2 porsjonar)
3-4 rå poteter
1 kokt potet, mosa
1/2 ts salt
1 dl byggmjøl
2 ms kveitemjøl
Det mest tidskrevande ligg i å skrelle potetene, men det e vel verst dersom man skal lage til meir enn berre 2 personar. Riv potetene med eit råkostjern eller i ein foodprosessor.

Bland potetene, saltet og mjølet i ein bolle og knø massa med hendene til den blir blaut og klissete.
Kok opp vatn og 1 ts salt per liter vatn eller gjerne bruk kraft. Form deiga til 6 -8 raspeballar ( vi he erfart at raspeballane blir bra når dei er litt små) og legg dei i det kokande vatnet.
La raspeballane trekkje ved svak varme i ca. 25 min. Når raspeballen er ferdig skal den flyte på vannoverflata.
Ditta haurest vel ikkje so vanskelig ut?
Lykke til. Det bli veldig bra resultat :)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar