tirsdag, januar 20, 2009

Jobbtur til Qatar

Søndag 04. januar reiste ej frå Trondheim til Doha via Amsterdam med KLM.

Ej he gjennom 4 måneda jobba med eit prosjekt hos Siemens angåande replikering av historikk og data frå offshore til onshore. Kunden vår Mærsk Oil Qatar var fornøgd med arbeidet og uten at det var meininga i starten fekk ej plutselig beskjed lille-julaftan at ej skulle til Qatar.
Først blei ej veldig glad, men så blei ej litt skeptisk. Er jo ikkje berre å berre å reise til araberland å skulle vere aleine som kvinne. Etter litt Googling blei ej litt roligare, då Doha ikkje har slike strenge reglar som for eksempel saudi-arabia. Slapp altså å gå i burka :P
Etter mykje leiting etter et pass som var blitt vekk i flyttekaoset etter InterRail turen måtte ej til Ålesund å skaffe mej nødpass. Sidan det ikkje er mykje kvardagar i romjula og ej måtte ha passet fortast mulig for å få visum frå Qatar var politiet i Ålesund so snilde at dei opna luka på passkontoret til mej på ein laurdag :) (fann passet når ej kom til Trondheim igjen, men då hadde det vore forseint å få visum)

Laurdagen før avreise var ej veldig spent og endel skremt. Lurte på om ej kom til å klare ditte her..sitte på eit fremmed kontor som innleigd å skulle imponere med ting ej i bunn å grunn e ganske usikker på, uten å vise det.


Søndag kl 04.25 kom taxien å plukka mej opp å då va det ingen vei tilbake. Etter longe flytura, venting i Amsterdam, filmsjåing og litt soving kom ej til hotellet Ramada Plaza (5 stjerners) i Doha kl 22.30. Då var det berre å kome seg til sengs og kvile seg, for arbeidsdagen hos MOQ startar kl 07.00.. Sidan klokka ligg to timar fram i Qatar så vil det seie at ej måtte stå opp kl 04 norsk tid, så slik tidsforskyving blir ein sliten av dei første dagane.

Det blei endel jobbing så fekk ikkje så masse tid til utforsking av Doha, og det er jo begrensa kor mykje ein tør å utforske aleine som kvinne i slike land. Sjølv om det er trygt blir man litt skeptisk når man ser alle mannane med skjerf og store bin laden skjegg.
Litt utforsking blei det alikevel nede på det lokale markedet Souq Waqif. Her var det milevis med små gater både under tak og opne. Gatene var fyllt opp av små "butikker" eller boder, og kvar butikk hadde sitt eget tema: Klede, skjerf, smykker, kasseroller, tapet, stoff, hermetisk mat, mat i lausvekt, osv. Det var fullt av merkelige lukter overalt. Bjønd også å ljome i ein av moskeane i nærleiken og det er noko ej ikkje har hørt før så då blei det turist bilete ;)
Ein dag var vi også innom city center som var eit av kjøpesentera. Her var det mange butikkar og ganske likt eit norskt kjøpesenter. Einaste spesielle var ei diger ishokeybane i 1 etg av senteret slik at du kunne stå i etg over og sjå ned på dei som spelte kamp der. Det var ganske kult :) ..men blei ingen tid til shopping da ..:/

Fekk også kome på besøk til ein av danskane som jobba på Mærsk. Huset hans låg innenfor ein mur saman med 100 andre hus (var vist tradisjon frå gamledager) og det var utrulig stort og flott. Alle kan vel kjøpe seg ein stor villa, men dei europerane som jobber for Mærsk får villaen. Dei får også bil, alle helse utgifter, bensin og strøm betalt, og ikkje minst : dei slepp å betale skatt. Ganske bra avtale må ej sei!
Ikkje minst hadde dei eit godt arbeidsmiljø på jobb. Det var kjekt å vere der sjølv om ej va heilt ny. Dei ej fekk snakka med var veldig hyggelige. Alle var blide og hjelpsomme med alle og samtale låg laust i lufta.

Temperaturen i Doha låg på rundt 20 grader midt på dagen og sank til rundt 10-13 på kvelden. Det var mørkt rund hal 6 og derfor blei det aldri til at ej slengte mej ut i det store bassenget som hotellet hadde.
Mat derimot blei det meir enn nok av. På hotellet låg det 9 restaurantar og alle hadde ulike tema/kulturar: Indisk, japansk, fransk, italiensk ++
Sidan alt på hotellet blei betalt av MOQ blei det ete meir enn det kanskje var fornuftig. Det var utrulig god mat både til frukost, lunsj og middag, og på slutten av veka var ej mett heile tida. Var mett når ej vokna og mett når det var tid for middag. Merkelig følelse egentlig, litt sann som det er i juletider.

Tida nede i Qatar gjekk veldig fort, både på jobb og etter, og plutselig var det klart for å reise heim. Kl 00:01 den 11.01 var det avreise frå Doha og dinne gongen var det business class ;) Leika mej endel med stolen i starten for å finne alle gode stillingane ej kunne sete i. Kunne nesten ligge heilt utstrakt so det var null problem å få sove på flyet dersom man ville det. Fekk utdelt headsett med støyfjerning so ej kosa no mej med å sjå på film for so å sove eit par tima, før vi fekk pannekake til frukost ;) Såg blant anna Wall-E og den kan ej anbefale til alle som lika animasjons filma. Kjempe kosli og morosam film!
På formiddagen i ett tida kom ej endelig heim til min kjære Christopher.



Flott og minnerik tur var det. Har lagt ut bileter under Album 2009 på heimesida mi! ..man skal vere litt forsiktig med å ta bileter av andre i slike land og derfor er det mest bileter av mej og landskapet i Qatar :)

Ingen kommentarer: