torsdag, januar 22, 2009

Sogndalstur i veke 8

Då va det endelig avtalt ein dato der ej skal besøke Sonja i Sogndal. Der var veldig på tide sidan ho har kun eit halvt år igjen på bachelorgraden ho tek der.

Med på turen kjem også Sybell og Sandra, so det skal bli veldig kjekt å få ei lita jentesamling igjen.
Helga som er bestemt er 20. - 22. februar og denne helga er det VEKA i Sogndal.
Sonja har meldt frå om konsert med Vassendgutane på fredagen og DDE på laurdag, men kva vi skal på er ikkje bestemt endå..
Ej gleda mej masse til å sjå kor Sonja he det der nede og ikkje minst treffe alle dei kjekke vennane ho snakkar om til stadigheit.
For å gjere ventetida litt gøyare o fordi ej fortsatt forskar på kva gadets som finns he ej lagt til ein liten nedteller som tell dagar og timar til ej skal reise. Foreløpig he ej ikkje bestemt reisetidspunkt so timetellern bli nok retta etter kvart, men det ser ut til at ej skal prøve eit lite fly då det var nesten like "billig" som en 15 timers busstur.

Gleda mej masse Sonja :)

Ingen kommentarer: