lørdag, januar 31, 2009

Bare Egil Band Festivalen


I går kveld va ej, Christopher og Carl Inge på Bare Egil Festivalen 2008 på Studentersamfundet. Utenom Arne songen som gjekk som en pest i 1996 hekje ej haurt noko på Bare Egil Band, men han e no kjent for artige teksta og show so ej gleda no mej.
Festivalen va ein 2 timar long konsert med 5 ulike band:
  • Bare Egil Band (som e berre Egil)
  • Ikke bare Bare Egil Band band (som er Egil og band)
  • Bare Bare Band (som er berre bandet)
  • Bare Eagles Band (Alle låter/fraser ender med Hotel California)
  • Bare Egils CoverBand (coverlåter av alt mulig, bl.a. Wannabe i balladeversjon)
Det var ein kjekk konsert med mykje artige kommentara og påfunn frå Egil og bandet. Sidan vi sto heilt fremst fekk ej også sjansen til å rufse han litt i håret. Det va skikkela fluffy :p

fredag, januar 30, 2009

Pablo Francisco

I dag fekk ej mail frå min kjære: "Då kan ej invitere deg på Pablo Francisco 23.03 i Olavshallen:) "
Kven blikje strålandes glad når dei fer ei slik melding midt på ein fredags formiddag, når man føle at arbeidsdagen aldri tek slutt så man kan ta helg? Dataskjemen min fekk sej vertfall eit digert smil :D Pablo Franscisco e heilt genial på Previewman parodien sin so det skal bli artigt!
Sjekk ut snutten frå YouTube i menyen til høgre :)

Takk Christopher :*

onsdag, januar 28, 2009

Internetten tilbake

Då he mej endela fått internett igjen i Vollabakken :) Grunnen var vel for det meste vår feil, men det fekk vi ikkje vete før i går då Christopher fekk mail frå nettassistenten Egil : "Nettet deres var sperret grunnet overskridelse av trafikkgrensen." hehe.. vi va ikkje klar over at der va nåken regla i det heile tatt, so no veit vi det.

I går va ej ganske fornøgd med treningsinnsatsen då ej stillte opp på det nye treningstilbudet på Siemens: spinning. Ej he vør på spinning kun ein gong før for monge år sidan og var litt spent om den ikkje fullt so godt trente kroppen min skulle halde ut. Til min store skrekk kjente ej melkesyra etter berre to heat, men når treneren sa at i pausa skulle vi sykle uten motstand og berre halde beina i gong skjønte ej at det va noko muffens sidan ej blei sliten av å ha pause. Bytta derfor spinningsykkel, i håp om at det kunne vere noko gale med akkurat den sykkeln ej hadde, og takk og lov so hadde ej rett. Mykje motstand på dinne sykkeln var det lettaste ej kunne få på den ej hadde i starten. Dermed klarte ej å kome mej gjennom timen med en positiv følelse og trua på at ditta kan ej klare å fortsette med :)
Det e no et bra tilbud å kunne trene rett etter jobb i vertfall!

Ellers såg no ej på handballkamp i går å ej veit ikkje heilt om det e verdt å nevne so mykje, men ej blei ivertfall ganske oppgitt. So bra som dei holdt koken oppe gjennom kampen for so å bere la alt glippe mellom fingrane i løpet av dei siste gjeldande sekunda. Bittert. He no nåke å trene på til neste gong, nemlig å prestere når det e virkelig press på å prestere. Men ka veit vel ej om sann toppidrett.. dei terpa vel på slikt mentalt ofte. Skakje ver enkelt...
Jaja, fer vel ta å sjå om det e nåken gode/artige idea på skaperen i år ;) Bli vel ikkje like skuffa av det!

tirsdag, januar 27, 2009

Gratulerer med dagen, Erik og Lars



Graulerer med 28 års dagen, åkreguttan!
Håpe dåkke begge fer en fin dag saman med gode vener :)

mandag, januar 26, 2009

Ingen internett

Dinne helga he det vore stille på internett kabeln vår i Vollabakken 9.
Plutselig, uten grunn, datt nettet ut og sidan det har det vore vekk. Derfor he det blitt lite med oppdateringa, og veit ikkje kor lenge det blir til neste. Akkurat no set ej på jobb å skriv, men det e vel ikkje so populært i lengda. Christopher skulle sjekke opp med SiT på skulen i dag so fer håpe dei fer fiksa det :)
Uansett so he det vore ei fin og surfefri helg, men tongt var det å kome seg opp på jobb igjen idag..:/ Tru ej slumra mobilen i ein heil time før det var noko reaksjon i mej.
.. nei no fer ej gå tilbake til arbeidet. Kryssa fingrane for at nettet er snart tilbake i Vollabakken :)

fredag, januar 23, 2009

Gratulerer med dagen Robert!

I dag he den gode barnehagekameraten min Robert bursdag! Han fyller 23 år i dag og må jaggu sei at mej he no bjønd å drage på åra mej mæ uten at man merka det. Plutselig e tenåringsåra vekke og man e blitt gammal å grå. NEIDA! Mej e ung å sprek å nyt kvar ein dag :)

Uansett.. han Robert bur for tida i Volda der han studera på musikklinja, å kosa sej me å spele masse gitar. Flenk e an mæ!
Utsiktene e vel å joine oss tøffingane i Trondheim å ta ped.

Lykke til med siste semester Robert, og ha ein strålande bursdag!
En bursdagsklem kjem når du minst ana det :D

torsdag, januar 22, 2009

Torsdags ball

I dag hadde mej raspeball til middag, sjølv om ej må innrømme det va ganske tilfeldig at det va torsdag. Ej he lært at ball er ein litt oppskrytt middag når det gjeld arbeidsmengde. Ej he alltid levd i den trua at kun dei gode gamle husmødrene kunne laga god gammaldags ball, men no he ej og Christopher motbevist det.
Eit par gonga he vi laga ball til middag no på den tida vi he budd i lag og ballen he vore like vellykka og enkel kvar gong. So for dei som e veldig glad i ball, men tru dåkke må heim til ho mor eller bestemor for å få smake det, prøv i vei.

Oppskrift på Raspeball:
(2 porsjonar)
3-4 rå poteter
1 kokt potet, mosa

1/2 ts salt

1 dl byggmjøl

2 ms kveitemjøl




Det mest tidskrevande ligg i å skrelle potetene, men det e vel verst dersom man skal lage til meir enn berre 2 personar. Riv potetene med eit råkostjern eller i ein foodprosessor.
Bland potetene, saltet og mjølet i ein bolle og knø massa med hendene til den blir blaut og klissete.
Kok opp vatn og 1 ts salt per liter vatn eller gjerne bruk kraft. Form deiga til 6 -8 raspeballar ( vi he erfart at raspeballane blir bra når dei er litt små) og legg dei i det kokande vatnet.
La raspeballane trekkje ved svak varme i ca. 25 min. Når raspeballen er ferdig skal den flyte på vannoverflata.

Ditta haurest vel ikkje so vanskelig ut?
Lykke til. Det bli veldig bra resultat :)

Sogndalstur i veke 8

Då va det endelig avtalt ein dato der ej skal besøke Sonja i Sogndal. Der var veldig på tide sidan ho har kun eit halvt år igjen på bachelorgraden ho tek der.

Med på turen kjem også Sybell og Sandra, so det skal bli veldig kjekt å få ei lita jentesamling igjen.
Helga som er bestemt er 20. - 22. februar og denne helga er det VEKA i Sogndal.
Sonja har meldt frå om konsert med Vassendgutane på fredagen og DDE på laurdag, men kva vi skal på er ikkje bestemt endå..
Ej gleda mej masse til å sjå kor Sonja he det der nede og ikkje minst treffe alle dei kjekke vennane ho snakkar om til stadigheit.
For å gjere ventetida litt gøyare o fordi ej fortsatt forskar på kva gadets som finns he ej lagt til ein liten nedteller som tell dagar og timar til ej skal reise. Foreløpig he ej ikkje bestemt reisetidspunkt so timetellern bli nok retta etter kvart, men det ser ut til at ej skal prøve eit lite fly då det var nesten like "billig" som en 15 timers busstur.

Gleda mej masse Sonja :)

tirsdag, januar 20, 2009

Jobbtur til Qatar

Søndag 04. januar reiste ej frå Trondheim til Doha via Amsterdam med KLM.

Ej he gjennom 4 måneda jobba med eit prosjekt hos Siemens angåande replikering av historikk og data frå offshore til onshore. Kunden vår Mærsk Oil Qatar var fornøgd med arbeidet og uten at det var meininga i starten fekk ej plutselig beskjed lille-julaftan at ej skulle til Qatar.
Først blei ej veldig glad, men så blei ej litt skeptisk. Er jo ikkje berre å berre å reise til araberland å skulle vere aleine som kvinne. Etter litt Googling blei ej litt roligare, då Doha ikkje har slike strenge reglar som for eksempel saudi-arabia. Slapp altså å gå i burka :P
Etter mykje leiting etter et pass som var blitt vekk i flyttekaoset etter InterRail turen måtte ej til Ålesund å skaffe mej nødpass. Sidan det ikkje er mykje kvardagar i romjula og ej måtte ha passet fortast mulig for å få visum frå Qatar var politiet i Ålesund so snilde at dei opna luka på passkontoret til mej på ein laurdag :) (fann passet når ej kom til Trondheim igjen, men då hadde det vore forseint å få visum)

Laurdagen før avreise var ej veldig spent og endel skremt. Lurte på om ej kom til å klare ditte her..sitte på eit fremmed kontor som innleigd å skulle imponere med ting ej i bunn å grunn e ganske usikker på, uten å vise det.


Søndag kl 04.25 kom taxien å plukka mej opp å då va det ingen vei tilbake. Etter longe flytura, venting i Amsterdam, filmsjåing og litt soving kom ej til hotellet Ramada Plaza (5 stjerners) i Doha kl 22.30. Då var det berre å kome seg til sengs og kvile seg, for arbeidsdagen hos MOQ startar kl 07.00.. Sidan klokka ligg to timar fram i Qatar så vil det seie at ej måtte stå opp kl 04 norsk tid, så slik tidsforskyving blir ein sliten av dei første dagane.

Det blei endel jobbing så fekk ikkje så masse tid til utforsking av Doha, og det er jo begrensa kor mykje ein tør å utforske aleine som kvinne i slike land. Sjølv om det er trygt blir man litt skeptisk når man ser alle mannane med skjerf og store bin laden skjegg.
Litt utforsking blei det alikevel nede på det lokale markedet Souq Waqif. Her var det milevis med små gater både under tak og opne. Gatene var fyllt opp av små "butikker" eller boder, og kvar butikk hadde sitt eget tema: Klede, skjerf, smykker, kasseroller, tapet, stoff, hermetisk mat, mat i lausvekt, osv. Det var fullt av merkelige lukter overalt. Bjønd også å ljome i ein av moskeane i nærleiken og det er noko ej ikkje har hørt før så då blei det turist bilete ;)
Ein dag var vi også innom city center som var eit av kjøpesentera. Her var det mange butikkar og ganske likt eit norskt kjøpesenter. Einaste spesielle var ei diger ishokeybane i 1 etg av senteret slik at du kunne stå i etg over og sjå ned på dei som spelte kamp der. Det var ganske kult :) ..men blei ingen tid til shopping da ..:/

Fekk også kome på besøk til ein av danskane som jobba på Mærsk. Huset hans låg innenfor ein mur saman med 100 andre hus (var vist tradisjon frå gamledager) og det var utrulig stort og flott. Alle kan vel kjøpe seg ein stor villa, men dei europerane som jobber for Mærsk får villaen. Dei får også bil, alle helse utgifter, bensin og strøm betalt, og ikkje minst : dei slepp å betale skatt. Ganske bra avtale må ej sei!
Ikkje minst hadde dei eit godt arbeidsmiljø på jobb. Det var kjekt å vere der sjølv om ej va heilt ny. Dei ej fekk snakka med var veldig hyggelige. Alle var blide og hjelpsomme med alle og samtale låg laust i lufta.

Temperaturen i Doha låg på rundt 20 grader midt på dagen og sank til rundt 10-13 på kvelden. Det var mørkt rund hal 6 og derfor blei det aldri til at ej slengte mej ut i det store bassenget som hotellet hadde.
Mat derimot blei det meir enn nok av. På hotellet låg det 9 restaurantar og alle hadde ulike tema/kulturar: Indisk, japansk, fransk, italiensk ++
Sidan alt på hotellet blei betalt av MOQ blei det ete meir enn det kanskje var fornuftig. Det var utrulig god mat både til frukost, lunsj og middag, og på slutten av veka var ej mett heile tida. Var mett når ej vokna og mett når det var tid for middag. Merkelig følelse egentlig, litt sann som det er i juletider.

Tida nede i Qatar gjekk veldig fort, både på jobb og etter, og plutselig var det klart for å reise heim. Kl 00:01 den 11.01 var det avreise frå Doha og dinne gongen var det business class ;) Leika mej endel med stolen i starten for å finne alle gode stillingane ej kunne sete i. Kunne nesten ligge heilt utstrakt so det var null problem å få sove på flyet dersom man ville det. Fekk utdelt headsett med støyfjerning so ej kosa no mej med å sjå på film for so å sove eit par tima, før vi fekk pannekake til frukost ;) Såg blant anna Wall-E og den kan ej anbefale til alle som lika animasjons filma. Kjempe kosli og morosam film!
På formiddagen i ett tida kom ej endelig heim til min kjære Christopher.



Flott og minnerik tur var det. Har lagt ut bileter under Album 2009 på heimesida mi! ..man skal vere litt forsiktig med å ta bileter av andre i slike land og derfor er det mest bileter av mej og landskapet i Qatar :)

lørdag, januar 17, 2009

Heimeside oppdatering


Dinne veka he ej makka en god del med å få orden på heimesida mi.
He bytta bakgrunn i håp om at den skal lastast opp raskare, og det var verkelig ikkje like lett som i blogspot. Men på et vis gjekk det no.
Sidan programmet ej bruka til å redigere heimesida med (iWeb) ikkje e heilt optimalt (les: ekstremt treigt) til å publisere oppdateringa bestemte ej mej for å bytte ut den gamle bloggen med blogspot. Det gjekk no på et vis å fer sei mej fornøgd med det for ei stond..
Dermed kan dinne bloggen både sjåast her på jillalicenogva.blogspot.com og på jill.nogva.org.


He nylig lagt inn bilder frå jula 2008 og dei kan du finne i menyen under
Album 2008
på heimesida.

torsdag, januar 15, 2009

Trøtt..

Trøtt, trøtt og atter trøtt.. lurer på når dinna såkalte mørketid trøttleiken skal gi seg..?
Er man verkeleg trøtt pågrunn av at det e mørkt ute, eller e det fordi man set generelt meir stille i sofaen og kosar seg i det lune teppet?
14 minusgrader e det i Trondheim i dag og det e meir enn kalt nok for mej, so trur det sistnevnte skorar blink for min sin del når det gjeld at ej e so trøtt.

Velkomen

Jaja, då har eg og komt meg inn i blogg miljøet :p
Trur heimesida mi var litt for ustabil til at det var verdt strevet, så då blei det blogspot på meg òg.
Planen var å flette denne blogg en saman med gjesteboka og fotoalbuma frå jill.nogva.org sida.
Etter mykje om og men blir navnet "Vollabakken 9B", slik som heimesida, men min overtrøytte tilstand holdt på å velje " J Alice I eventyrland LL"..
Skal nok kome med litt meir nyheiter etter kvart, men akkurat no er det vel på tide å legge seg..

Velkomen og god natt ;)