søndag, mars 15, 2009

Søndagsfrokost med overrasking

Søndag er dagen for ein god frokost og på bordet hos oss blei det servert kokt egg, bacon, sjokolademjølk og diverse andre pålegg. Til egg er det også godt med kaviar og majones, og til anledninga hadde vi kjøpt inn ein ny tube av type SmartKaviar.
Trøbbel blei det på første forsøk då kaviaren hopa seg opp i opninga. I håp om at det ville kome ut med litt makt pressa Christopher så hard han kunne. "Pang" sa det og ei stor klyse med kaviar kom flygande i lufta rett mot mej. Heldigvis fekk ej dukka unna og kaviaren landa på golvet.
Ein god latter forlenger livet heiter det, så no blir ej nok eit par år eldre!
I morgon skal kaviaren få seg ein tur i posten til Mills, og ellers får vi håpe at det ikkje er fleire tuber i butikkane med samme problemet ;)

1 kommentar:

Jude sa...

Hahahah! arti søndagsmorgon da du=) hihi! ej søns ej ser d!

Men jah! e en me på leiken må en tøle steiken, so sant so sant!:)

Må berre komme å besøke mej her i drømmeland!:)