søndag, mars 08, 2009

Ubåtvåpenets 100 års jubileum

Dette skjer i Trondheim:
6.-8. mars vil Undervannsbåtvåpenet stille med en undervannsbåt under Kosmoramafestivalen. Det vil bli visning av "Das Boot" i den gamle bunkeren "Dora 1".

Ej, Christopher og Carl Inge tok oss turen ned på Dora på laurdagen for å sjå kva dette var slags tilstelning og hadde eit håp om å få sett inni ein ekte ubåt.
Når vi kom ned var vi ikkje dei første, for der stod det ei svær kø med ivrige trøndera som venta på å få kome nedi ubåten. Ikkje var det særlig trivelig vêr heller då det var veldig kald vind så vi såg nederlaget i augene og ga opp tanken på å kome ned i ubåten.
Heilt til venstre på biletet ser du ubåten ligg ved kaia..og til høgre alle folka som skal freiste lykka om å få kome ombord.


Inne på Dora var der utstilling av gamle foto frå ubåtar gjennom dei 100 åra ubåtvåpenet har eksistert. Blant anna at den første norske ubåten Kobben blei sjøsatt i Kiel i Tyskland - 1909.
Det var også monge bileter frå bygging av Dora under 2. verdenskrig, mannskap og bombing av det som skulle bli nazistanes hovedsete i Noreg, kalla Drontheim.
Det var ein kulturell dag der ej fekk lære en god del om ubåtar og ting eg elles ikkje ville ha haurt noko om. Kva veit du om norske ubåtar eigentleg?

Ser i alle fall ut som at vi e fornøgde med dagen :)


Her e nokre linkar dersom du ynskjer å lese meir:
Undervannsbåt
Undervannsbåtvåpenets 100 års jubileum
Jubileums brosjyre
Royal Norwegian Navy (RNoN)



Ingen kommentarer: