18.august kl 0540 gjekk ferga frå Flatholmen!
Faren til Christopher smurte niste til oss, og kjørte oss til ferga. Var godt med litt frukost seinare, då gjekk ventetida på Gardermoen ein smule raskare. Sisten biten og eit eple importerte vi til USA utan trøbbel med tollvesenet.
Klokka 1125 norsk tid var det avreise frå Gardermoen til New York med Continental. Vi var så lure at vi reserverte seter ved naudutgangen så vi hadde mykje rom å strekke dei lange beina våre på.
I løpet av dei 8 timane på flyet blei vi servert kyllingmiddag, snacks og mykje vatn (eller anna væske om ein ville). Vi såg The Incredibles og Wolverine.
I New York var det overskya, men du kan skimte Empire State Building i bakgrunnen om du ser godt etter!
Her fekk vi, som nevnt under, problemer i passkontrollen slik at vi ikkje rakk flyet vår som skulle gå 1525 lokal tid, men med litt flaks fekk vi kapra til oss to seter på siste fly kl 1815 lokal tid.
Fekk også 8 $ kvar i matpengar som plaster på såret ;) For dei blei det amerikansk fastfood, litt diverse drikker og ein liten pakke potetgull!


Kl 0015 norsk tid reiste vi altså frå New York og ankom hotellet vårt i Los Angeles kl 1030 (00.30 lokal tid).


Clarion Hotel viste seg til å vere eit ganske fint hotell, rett ved siden av IKEA.Speed Shuttle sjåføren vår var litt skeptisk på adressa, for han visste ikkje kvar "Fårente Statr" var...Betalte 35$(214NOK) for kjøringa, fra flyplassen og heilt til døra på hotellet. Berre litt meir enn en norsk flybuss:)
No får vi ta natta og prøve å snu døgnet litt!

6 kommentarer:
Hey!
Imponerande blogging!!
Ikkje før he dokke komt bort so ligg det innlegg på bloggen, gitt!
Bli spennande å følge med på korleis det gjeng no i starten...ska dokke feriere lenge på austkysten før dokke kryssa over t vest?
Skriv gjerne om tabbe og feil, so slepp oss som reise attiveia og trakke i same rukå:)
Fortsatt god tur!!
Hei, kjekt og sjå kor det gjekk på turen over,eg va spent på om det va komt noko innlegg og overraskande nok va det d.God tur vidare!
Ditta her bli stas veit dåkke :D kjempearti å sjå bilde ta to trøtte, døgnville brilleslange ;P Lykke t viare! (førrestn so hekje ej drept plantå di endå, Jilly) Kos å klem
oioioi! korleis d jenge der borte noda=)? finever=)? treng du ullskjørte ditt no kanskje Jill? heh
Ditta bli stas jah! Dåkke e flenke so reise å utforska verda!:) kose dåkke mykje! gle mj t å sjå meir bilde=)
Dåkke skulle prøvd tatt ferga frå Flatholmen til LA. Så dokke he landa ja! kjekt borte i junaiten...ka?....dokke må passe dokke no da borte i landa! ha en ellers fin kveld, eh...morgon...eller nokke slikt....
Sondre: Vi er på vestkysten, vart berre nokre timar forsinka.
Tips til turen? Ha meir enn 1.5 time ved transit i New York.
Ver forberedt på å hente bagasjen og gå gjennom tollen før du legg den i fra deg igjen. Det er fullt mogleg å krysse ja på om du har frukt eller kjøttprodukt på tolldeklarasjonen utan at nokon bryr seg. Svar "nei" på alt som har med livestock og farming å gjere;)
Legg inn en kommentar