mandag, august 24, 2009

San Diego Roadtrip - Visumkalas


Etter å først ha spasert rett inn i Mexico utan eit einaste spørsmål frå nokon, takka nei til 40taxiturar, blitt lei tacos utan å smake, gått i feil kø, stått 1 time i solsteiken og ca 3 timar totalt har vi fått innvilga studentvisum. Som vi delvis har frykta gjaldt papira berre eit quarter(semester), altså fram til 19. desember. Før den tid må vi altså få nytt I-20 skjema frå skulen, og gjenta same prosedyre som i dag. Då blir det kanskje tid til å kikke seg litt meir omkring der nede.

Bilen gjekk som ei klokke alle dei 125miles(200km) ned til grensestasjonen, og brukte berre mellom 1-4 liter på mila. Det gjekk sjølvsagt minst bensin der vegen var breiast og farta høgast, eit velkjent fenomen mange land har gjort seg nytte av. Etter litt tilvenning både til bil og trafikkmønster er det egentlig ganske greit å kjøre i USA. På freewayen er det best å halde seg ca i det midterste feltet, då slepp ein å kaste seg over i venstre fila om vegen deler seg, eller krysse 4-felt til høgre om ein brått må ta av. I byen er det stortsett lyskryss, med den velkjente "lov å kjøre til høgre på rødt", ellers er dei glad i stopp-skilt. Her brukar vi berre å stoppe, så køyrer den som har mest lyst...

I og med at det er veldig mange vegar og byar her, kjem skiltinga ofte brått på(kan ikkje skilte som i Noreg:"Jessheim 37km...Jessheim 35km.."). Amerikanarane kryssar hit og dit, køyrer forbi både på høgre og venstre side i sine digre SUV som t.o.m gjer Lincoln-en vår liten. Highway-patrolen er overalt og stoppar tydligvis den som treng ein alvorsprat.

Sjølv om det kan gå litt vilt for seg er det ingen som har vore aggressiv med fløyting eller lysblinking mot oss - dei respekterar nok medmennesket meir her enn kva regimet heime i moderlandet meiner er naudsynt.

På veg oppover tok oss tid å kikke litt i San Diego City og på University of California San Diego(UCSD) som vi opprinnelig tenkte å gå på. Middagen vart inntatt på ein høgst uformell fiskerestaurant, med stive prisa og god mat. Jill Alice tok ein klassisk fish'n'chips og Christopher gjekk for ein Tender Shrimps Pasta. Til no har alt med "Tender" i namnet vore særs godt, så dei kan litt av kvart desse amerikanerane.
(Som alltid kan ein klikke på biletet for litt større oppløysing.)

6 kommentarer:

Sondre sa...

Må sei dokke verkeleg e i gong der borte!!:)
At dokke fer tid t å blogge underveis i tillegg ekje mindre enn imponerande!
funka dinna kule telefonen i Lincoln-en btw?:)
Sjåast kanskje snart!:)

Christopher sa...

Nei, telefonen og crusiekontrollen hekje vi fått liv.

Terese Longva sa...

This is Joe. I was at Karin's wedding with Terese Longva. Jeg ar Amerikansk. She wanted me to let you know that at a stop sign in the U.S., if 2 cars come to a stop at the same time the one on the right has the "right of way" that means that car is supposed to go first.

God tur.

Anonym sa...

HELLO OVER THERE:)
Tusen takk for ei imponerane oppdatering . Ej og gutta følge med dokke. Kjekt å få med seg litt. Sakna dokke allereie, men til gjengjeld fær oss mykje god underholding, go til å med lære litt av kvart. Mange klemmar frå systa og gutta boys i Knutgarden:)

Christopher sa...

Thank you Joe, about the same as høgreregelen in Norway.

Hilde sa...

Ska sæ dåkkå kjøm dåkkå fram her i verden! =D I e imponert!