Laurdag blei ein kjekke kveld oppe hos Carl Inge. Ej tok med gulrotkake med lys på, og verten sjølv diska opp med Wienerpølse i lompe og diverse snaks. Skal love dej at der ikkje va mykje rom ledig i magen.Som dåkke ser på kaka e der bere 5 lys men kun 3 av dei e tent. Kva kan det komme av?
Jau som dei nørdane vi e måtte vi på ein måte klare å skrive talet 28 med minst mulig lys, sidan det kun var 18 lys i pakken, og bruker ein binære tall kjem ein seg unda med berre 5 lys.
På kaka står det altså 11100 som er lik 28.
11100 = (2^4)*1 + (2^3)*1 + (2^2)*1 + (2^1)*0 + (2^0)*0= 16+8+4+0+0 =28
Smart, ikkje sant?! ;p


Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar