lørdag, februar 07, 2009

Fredagspils

Dinne fredagen hadde han Einar, også kalt Ørsta-avdelinga, samla troppene til lønningspils. Han skal no ha seg 10 veker med pappaperm og var derfor oppom Trondheimsavdelinga før han tek fri. Lønningspilsa blei etterkvart omdøpt til fredagspils, av diverse betalings grunna, og vi samlast heile gjengen på Naboen. Etter litt bytting av bord og testing av stola fann vi oss eit bord som romma alle saman og som ikkje var alt for trongt plassert.
Det blei ein kjekk kveld med pils av ulike variantar, jobbsnakk og anna tullprat. Klart måtte ej plage alle med litt bildeknipsing og blitz.

Asbjørn og mej på Naboen

PS: Etter litt etterlysing av julebord bilete he ej no fått lagt til eit album på heimesida. Der ligg også nokre filmar i albumet men veit ikkje om dei fungerar på alle nettlesarar.. Gjerne gi ein lyd om dette stemmer :)

Ingen kommentarer: