tirsdag, august 18, 2009

The Big Apple

Vel framme i Newark (NY), etter 2 timar i passkontroll. Det vart kluss med studentvisumet som ikkje er gyldig og som vi heller ikkje skulle bruke i dag. Homeland Security vakta misforstod nok, og sendte oss ned i kjellaren til avhør. Etter eit par "please sit down and wait" fekk vi vite at flyselskapet bar all risiko og måtte finne ein ny avgang til oss. Bagasjen sto i ankomsthallen, godt bevokta av amerikanere med både pistol og kølle (sa dei iallfall, seinare berre plukka vi den opp utan eit einaste spørsmål frå nokon).
Flyet til LAX går 6.15 lokal tid, altså om 1,5 timar, ca 00.15 i Norge. Framme ca 10pm, eller 22.00 som vi seier heime. I Norge er klokka blitt rundt 07.00 før vi får lagt oss.

mandag, august 17, 2009

Bursdagsbarn

I helga hadde to kjekke damer bursdag!

Den 15. august blei Hilde 23 år ! Gratulerer så mykje med overstått. Håpe du hadde ein super dag Hilde og at du er fornøgd med feiringa av Mariann på fredagen! Reknar med ho er godt fornøgd iallefall :) Det har vore kjekt å ha deg i nærleiken i Trondheim, så kjem nok til å savne deg i USA ja. Får håpe du tek deg ein tur bort ;)

Audhild, som er verdens beste mamma, fylte den 16. august 58 år! Takk for at du er så god, snild, omtenksom og ikkje minst hjelpsom! Du stiller alltid opp og passer alltid på at alle har det godt :) Takk for at du er akkurat den du er og at du er min mamma :)


Glad i dykk!!

Familiehelg i Geiranger

I helga var heile familien Nogva på 18 stk samla på Union Hotell i Geiranger for å feire at pappa vart 60 år på tirsdag.
Fredag var det rolig start med bading, god mat og dansing på kvelden.
Laurdag tok heile familien turen opp til Storsæterfossen, unntatt ei aller minste og Linda som kun var med opp til Vesterås. Trur nok det var monge spente personar då 13 familiemedlemmar skulle stå under den store fossen :)

På kveldingen blei det feiring av dei to bursdagsbarna våre på 60 og 58 år! Gratulerer med overstått mamma og pappa :)

Vi storkosa oss alle saman heile helga og eg trur alle var mette og gode då vi reiste på søndagen.
Tusen takk for ei flott helg!!

Posted by Picasa

tirsdag, august 11, 2009

Gratulerer pappa!

I dag fyller pappa 60 år! Gratulere so mykje med dagen, Jon Åge!
Du er ein super pappa som alltid stiller opp dersom det skulle vere nokon som trenger hjelp. Kva no enn det er slags prosjekt så er du positiv og kreativ.
Tusen takk for at du er så snild og god :)
Kos deg masse på suita di på Unionen dei neste dagane, so kjem resten av familien og lagar liv i helga :)
Posted by Picasa

søndag, august 09, 2009

Lykkeleg gift

Den store dagen 08. august 2009 for mi kjære søster Karin Augusta. No er ho lykkeleg gift med sin kjære Lennart og det blei eit bryllaup utan like! Vi kosa oss i teltet til longt på natt!
Takk for ein fantastisk og minnerik dag alle saman!
Den flotte familien :)
Legg merke til dei nydelige kjolane. Utan tvil unike og fantastiske og dei er laga av bruda sjølv. Karin du er jo so flink!


Eg og mine kjære søsken! Glad i dykk ♥

Det var sjømatbuffet til middag og som sunnmørsfestar flest var kakebordet fyllt opp til randen med alle slags nydelige fristelsar.
Bryllaupskaka!

mandag, august 03, 2009

Sondre

Gratulerer so mykje med 23 års dagen Sondre! Håper den blir flott og at du får noko kjekt å bedrive dagen med på jobb ;)
Ikkje lenge til det er avreise for deg heller no, så eg reknar med du òg har byrja å bli ganske spent!
Vi treffast iallefall eingong i California, om ikkje før!

Helsing frå Christopher og Jill Alice

Økologisk kvitløk

Etter ein heil dag med pakking og sortering fant vi ut at det var forseint å starte på køyreturen heim til Sunnmøre. Eigentleg ganske greit å kunne ha litt betre tid å gjere alt klart slik at det ikkje er noko stress når vi reiser i morgon tidlig.
I tillegg fekk vi tid til å prøvesmake den økologiske kvitløken vi har sådd i "hagen" vår! Etter at nabograsklipparen var på besøk hadde vi no att 3 løkar og det hadde vore for gale å reise frå Vollabakken uten å sjå kor prosjektet enda.
På veg bort til "hagen" blei det også litt tid til sjonglering av hagespada.

Vart ikkje den flott vel?! Vi er iallefall veldig fornøgde med resultatet som smakte veldig godt! :)
God natt alle saman og god tur til oss i morgon ;)
Posted by Picasa

søndag, august 02, 2009

Goodbye Vollabakken!

I dag er det fullt opp med banankasser og boss i Vollabakken 9B.
Håper på å bli ferdige i løpet av dagen slik at vi kan begynne heimreisa til Sunnmøre i kveld, men akkurat no ser eg ingen ende på alle eigendelane våre. Rart kor mykje man finn når ein byrjar å pakke. Heldigvis slepp vi å tømme leiligheita for møblar sidan Sonja Pernille skal leige den i året som kjem, så då har vi jo spart oss mykje arbeid der!

Må vel kalle heimesida mi noko anna no sidan vi ikkje skal bu i Vollabakken meir.
...men det problemet skal eg ta ein annan dag.
Tilbake til banankassene.



Ha ein fin dag :)
Posted by Picasa

fredag, juli 31, 2009

Siste dag på jobb

I dag hadde eg min siste dag på Siemens. Det var litt rart å skulle kome på kontoret for siste gong. På slutten av dagen diska dei opp med to deilige kaker. Det blei då ei hyggeleg stund på møterommet saman med gjengen før eg tulsa ut døra og leverte nøkkelen min til Espen.
Eg og Asbjørn, også kalt OMT-kjerna, tok oss ei lita knipseronde for å forevige den kjekke arbeidsstaden.
Når eg no tenkjer på det trur eg at det ikkje har gått heilt opp for meg at eg har slutta. Sjølvsagt er det litt trist, men det er også veldig deilig å endeleg kunne ta ferie!

Om 18 dagar reisar vi til USA, klare for ein ny studentkvardag, men først blir det to kvalitetsveker heime på Sunnmøre atmed familie og venar :)
Posted by Picasa

onsdag, juli 29, 2009

Madonna på Valle Hovin

Tirsadag 28.juli sendte vi Karin på utdrikningslag i Oslo. Lite viste ho om kva som skulle hende då eg møtte ho på Gardermoen kl 0930 med drink og vimpelhatt!


Det blei ein kjempekjekk dag med massaje for Karin, litt shopping, mat, leikar og god drikke.
Ikkje før på ettermiddagen fekk ho ein Madonnabillett i handa! Aldri har eg sett ei så glad og overraska Karin :)


Det blei ei kjempeavslutning på ein flott dag! Stooorkosa meg på konserten som var smekka med lysshow, god musikk, fantastisk sceneshow og ikkje minst mykje flott koreografi!! :D
Fornøgde søstrene-sisters!

mandag, juli 27, 2009

Mamma og pappa på besøk

Heile helga hadde eg mamma og pappa på besøk her i Trondheim. Det var veldig kjekt å få besøk og for mine dei blei det litt nye opplevingar.
Dei kom på torsdagskvelden og då serverte vi kylling i sursøt saus. Sidan eg skulle på jobb fredag blei det ikkje så mykje aktivitetar denne dagen, men for helga blei det fullt opplegg ;)
Fredag tok vi dei med på Kyoto for å smake sushi. Dei var begge svært skeptiske og spente på å smake rå fisk, men då den første fileten var smakt var dei frelst. Dei elska maten!
Laurdag var det tid for dress prøving for pappa med ein kritisk jury på slep. Vi tok dei også med ein tur på IKEA, sidan dei ikkje hadde vore der før, og så ein liten lunsj oppe i Tyholttårnet før det blei meir dressprøving!
Til middag blei på den fantastiske Graffi Grill & Bar, før vi tok oss ei runde på Trondheim kino. Såg Istid i 3D og Hangover :)
Fant så ut at mamma og pappa kun hadde prøvd bowling 1 gong før og det var for omkring 10 år sidan, så derfor avslutta vi kvelden med eit slag bowling :)
Ei aktiv og kjekk helg blei det, og det var bra sidan det var siste helga vår i Trondheim.

onsdag, juli 22, 2009

tirsdag, juli 21, 2009

USA-førebuingar

Då var søknad om turistvisum i USA sendt inn.
Vi søkte gjennom noko som heiter Visa Waver Program og ESTA over Internettet. I tillegg har eg sendt inn lista over fag eg ynskjer å ta til hausten. Det blei tilslutt, etter mykje lesing i fagforklaringar, ei blanding mellom engelsk, økonomi, data og psykologi. Christopher på si side skal ta for det meste datafag sidan han må ha godkjenning av faga han eigentleg skulle ha tatt på NTNU. Det siste som står att no er å få passet i retur med studentvisum så er vi klare for å reise til USA.
Om ikkje vi, så er iallefall er dokumenta klare :)

mandag, juli 20, 2009

Langweekend og «Tunge - Dagens wiki leksjon»

Denne helga har vi tatt halve Norge rundt, frå Trondheim til Oslo torsdagkveld, fredag var det visum-intervju over høytaler i åpent lokale foran dei 20 andre som venta på tur.
Ambassadeturen gjorde oss sugen på meir viten om statsapparatet, så vi vart med på ein guida omvisning på Stortinget.
Vi avslutta dagen med rød meny på Alex Sushi. Nydelig sashimi, sushien var god, makien var grei. Litt i tvil om Alex er verdt den ekstra prisen, men utvalget er upåklagelig. Rød meny har både kongekrabbe, kval-sushi, okse carpaccio, eit stort utvalg kjent og ukjent fisk, og ein råsterk wasabi.
Laurdag morgon kjørte vi til Skodje for å rekke eit bursdagselskap søndag. Vi starta 07.15 og kom fram i tide til å ta ein båttur med tube på slep. Jill Alice satt seg noko motvillig i ringen, men måtte innrømme at det var litt moro.

Dessverre ville ikkje digitalteknikken vere på lag med oss, slik at alle bileta frå torsdag, fredag og laurdag har kome bort.

På bilturen fra Sunnmøre til Trondheim i går kveld fekk vi tid til å nyte litt av laurdagsgodteriet som var til overs. Ein porsjon potetgull er som kjent 25gram i følge produsentane, ein normalpakke på rundt 200gram held difor 4 laurdagar for 2 personar. Denne grensa er absolutt for oss, men sidan vi var på tur vart det ein porsjon både på laurdag og sundag.
Vi undra oss litt på kvifor Kims Naturchips smakar så godt som den gjer, og lurte på om barnelærdomen frå o-fags timen om smakstunga er sann. Her er eit kort sammendrag frå wiki:

Tungen er en stor samling av muskler og sitter nederst i munnhulen.
Den er en av våre smaksorganer, og store deler av overflaten til tungen er dekket av smaksløker.
Smaksløker er kjemiske mottakere som primært er plassert langs sidene og bakerst på den øvre delen av tungen. Menneskets tunge har omtrent 9000 smaksløker som gir informasjon om smaken på maten.

En populær påstand er at tungen er delt inn i fire soner for ulike smaker: salt, surt, bittert og søtt. Dette er imidlertid ikke tilfelle.

----
Nok ein løgn innprenta av enhetsskolen. I tillegg må den nevnast at vi har i dag har bevist 5 smakar: Salt, surt, bittert, søtt og umami.

fredag, juli 17, 2009

Visum!

I går kveld(Torsdag) kjørte vi til Oslo og i dag kl 9 har vi avtalt time på den amerikanse ambassaden i Oslo. Det blir spanande å sjå korleis det føregjeng. Eg må innrømme at eg er veldig spent og gruar meg eindel, men det er vel berre å kaste seg i det. Kjem nok større utfordringar igjennom det komande året i USA kan eg tenkje meg.
Vi har eindel spørsmål angåande innreise, sidan vi for eit par dagar sidan fant ut at ein ikkje kan reise inn meir enn 30 dagar før skulen startar er vi ekstra spent på kva løsning vi skal ta.
Vi har nemlig flybillett den 18. men har tydlegvis ikkje adgang før den 21. eller 22. august på student visum.
Moglege løysingar:
- Flytte flybillettane (1800,-).
- Få turistvisum/VWP og endre status til student når studentvisumet blir gyldig (1800,-).
- Få turistvisum/VWP, kjøre ut av landet og forhåpentlegvis få entre på nytt med studentvisum. (1000++ kr i leigebil + en tur til Mexico ;))
Vi håpar absolutt at dei skal seie at det siste alternativet er god nok løysing på problemet, men eg har mine små tvil.