weekly flyer of kitchen stuff plus
for 8 år siden
Gratulerer så mykje med dagen din søta! Håpe den blei kjempeflott! Du kosar deg vel heime med alle kjente og kjære :) Håper du har hatt eit spennande opphold i Australia!
Tenke masse på dåkke der heime og håpe dåkke he det bra.
Pri. 1 den siste tida har vore innandørsmøblar, spesielt ein sofa hadde passa bra. Amerikanarane er glade i blomsterstoff og digre sofaer som utruleg nok berre rommar 3-4 personar. Det ville vi helst ikkje ha. Rett borti nabolaget dukka det opp ein i nøytral farge, men med spesiel fasong. Vi fekk pruta den ned til 200$ og susa bortover for å hente den. Vi spaserte også forbi denne i går kveld, den sto ute på ein veranda med ein diger «for sale» plakat på, då såg den ikkje særlig fristande ut, men inspeksjonen i dagslys gjorde at vi slo til.
På vegen tilbake kjørte vi litt rundt omkring i Goleta for å prøve å gjer oss litt kjent i alle gatene. Plutselig ula det i sireer og blinka i blålys bak oss og vi måtte kjøre til sida. "Driver license please" og "What where you guys doing up in that area?" Dei hadde vist sjekka skilta våre og fant ikkje forsikring registrert på bilen. Heldigvis ordna alt seg, hjalp sikkert litt at vi var norske og uvitande og berre nysgjerrige på den nye byen vår. Forsikringa er også i orden, det berre tek litt tid før alt er registert med DMV.
Som vi prøver å vise på biletet klarte vi kun å ete opp ca halvparten av popkornet, så neste gang får vi ta liten pose istaden.
På kvelden kjørte til eit stort supermarket og handla vogna full av utstyr som må til i eit nytt hus, pluss litt mat og drikke :) Merka at det er ganske mykje nytt som skal prøvast ut - alt frå vaskemiddel, mat og drikke.
gasskomfyr, eit bittelite bad med 1.5m langt badekar med lav dusj og eit 11 kvm stort soverom. Soverom og stue er utstyrt med vegg til vegg teppe. Ofte veldig lodne, som å gå på pels. Er teppa ny, skryt dei svært av dette. Ja dei legg faktisk nye teppe i 2009.








På nabobordet traff vi på ei hyggeleg svensk dame på 97 år som elska kjøttboller. Reisefølget var Inger på 70 år og ho jobba på Sjømannskirka i San Pedro. Ho ville ta oss med til Sjømannskirka så kunne vi få snakke med presten for han hadde peiling på bilar. Som dei fleste eldre damer var ho veldig bekymra for alt å det hjalp vel ikkje på at vi satt der uten nokon planar og var tenkt å reise til Mexico dagen etter. Noko ho meinte var alt for farleg for oss..

Dei hadde sjølvsagt den klassiske gulltraktoren inni butikken og ei lysekrone laga av Norgesglas!

