weekly flyer of kitchen stuff plus
for 8 år siden
Gratulerer så mykje med dagen din søta! Håpe den blei kjempeflott! Du kosar deg vel heime med alle kjente og kjære :) Håper du har hatt eit spennande opphold i Australia!
Tenke masse på dåkke der heime og håpe dåkke he det bra.
Pri. 1 den siste tida har vore innandørsmøblar, spesielt ein sofa hadde passa bra. Amerikanarane er glade i blomsterstoff og digre sofaer som utruleg nok berre rommar 3-4 personar. Det ville vi helst ikkje ha. Rett borti nabolaget dukka det opp ein i nøytral farge, men med spesiel fasong. Vi fekk pruta den ned til 200$ og susa bortover for å hente den. Vi spaserte også forbi denne i går kveld, den sto ute på ein veranda med ein diger «for sale» plakat på, då såg den ikkje særlig fristande ut, men inspeksjonen i dagslys gjorde at vi slo til.
På vegen tilbake kjørte vi litt rundt omkring i Goleta for å prøve å gjer oss litt kjent i alle gatene. Plutselig ula det i sireer og blinka i blålys bak oss og vi måtte kjøre til sida. "Driver license please" og "What where you guys doing up in that area?" Dei hadde vist sjekka skilta våre og fant ikkje forsikring registrert på bilen. Heldigvis ordna alt seg, hjalp sikkert litt at vi var norske og uvitande og berre nysgjerrige på den nye byen vår. Forsikringa er også i orden, det berre tek litt tid før alt er registert med DMV.
Som vi prøver å vise på biletet klarte vi kun å ete opp ca halvparten av popkornet, så neste gang får vi ta liten pose istaden.